;

Kameratredningskurs

Kameratredningskurs

Vi ynskjer velkommen til kameratredningskurs i regi av Sunnmørsk Klatreklubb, helga 25.-26. mai 2024


Kva er målet med kurset ?
Om nokon i taulaget blir skadd kan vedkomande trenge hjelp for å kome seg ned eller inn på ein trygg standplass. Det krev ein del kunnskap for å få til dette på ein trygg og effektiv måte. Målet med kurset er å gje deltakeren verktøy for å lettare handtere krevande situasjonar som kan oppstå i klatring.


Kven passar dette kurset for ?
Dette kurset er for alle som klatrar ute på naturlige sikringer. Om ein ikkje ledar, men ofte følger som andre klatrar i eit taulag i fjellet så er dette også aktuelt.


Kva treng eg av førkunnskap for å delta ?
Kurset er like relevant om du leder eller følger som andre klatrar i eit taulag. Vi ønsker at deltakeren har erfaring frå grad 4 på kilar. Du må også ha gyldig brattkort for å delta på kurset.



Sentrale moment i kurset er : 

Førebyggande arbeid
Valg av utstyr
Avbinding og frigjering frå standplass
Klemknutegang
Kort heising
Transport av skadd person
Enkel førstehjelp i klatring


Utstyrskrav: I tillegg til basisutrustning (sele, sko og hjelm) vil du måtte ha med nokre skrukarabinar, slynger og prusiktau. Meir detaljert utstyrsliste kjem på epost omlag ei veke før kurset.


Kurshaldar: NF-godkjent instruktør

Detaljer

Arrangør: Sunnmørsk Klatreklubb
Dato: 25.05.2024

Priser og produkter

Pris påmelding kr 2500

  • Kameratredningskurs kr 2500

Din status

Du er ikke påmeldt

Dokumenter

Ingen dokumenter