Vi ynskjer med dette velkomne til introduksjonskurs i kileklatring i regi av Sunnmørsk Klatreklubb.
Kva er målet med kurset ?
Her introduserer vi deltakarane for 'naturlige' sikringar, der ein klatrar på ruter utan bolta forankringar, og sjølv finn vegen opp veggen med å plassere kilar og kammar som sikringsmiddel. Klatreteknikk, sikkerheit, taulagsrutiner og god klatreskikk er sentrale moment i kurset.
Kven passer dette for ?
Alle som vil ta steget til å klatre på naturlige sikringar i storslått sunnmørsnatur. Kurset fokuserer mykje på handverket og sikkerheita i eit klatrelag, og er i stor grad eit praktisk kurs.
Kva treng eg av forkunnskap ?
På dette kurset ynskjer vi dei som har klatra noko ute på bolta klippe, og som kan klatre på led ute på bolta ruter. Kurset vil gjennomførast på lette ruter som gir overskot til å meistre læring av handverket.
Pris 2000-. pr. deltakar
Stad: Utgangspunkt Volda. Nærare avtale med instruktør når det nærmar seg.
Utstyr: Du treng sele, hjelm, sikringsbrems, prusikslynge, skrukarabinar og klatresko. Noko av dette kan lånast med Sunnmørsk klatreklubb.
Kurshaldar: Are Aasland Reed - tlf: 47238596
Har du spørsmål kan du også kontakte driftskoordinator i Sunnmørsk Klatreklubb, Øyvind Festø
tlf 90665856, epost: drift@sunnmorsk-klatreklubb.no
Vel møtt!
Arrangør: | Sunnmørsk Klatreklubb |
Dato: | 25.05.2024 |
Pris påmelding kr 2000