Sunnmørsk klatreklubb arrangerer inne INNE TIL UTE-kurs!
På dette kurset vil du lære korleis du klatrar på eit etablert sportsklatrefelt utandørs.
Ledklatring ute har mykje til felles med inneklatring på led, men ute må du ha med deg slynger sjølv, og du må snu på rett måte når du kjem til toppen. Med kortslyngesett, sko, tau, taubrems og sele er du rusta til å nyte mange av dei flotte, bolta sportsfelta i området. På kurset lærer du korleis du skal gå fram for å få gode og trygge opplevingar på utefeltet.
Meir informasjon om innhaldet i kurset her: https://klatring.no/fra-inne-til-ute
Kurset går 10. og 12. mai. Heile kurset er utandørs.
Du treng eigen sele, sko, taubrems og tau.
Du må ha brattkort for å kunne melde deg på dette kurset.
Arrangør: | Sunnmørsk Klatreklubb |
Dato: | 10.05.2022 |
Påmeldingsperiode: | 28.02.2022 - 10.05.2022 |
Pris påmelding fra kr 200 til 1800