;

Teknikk-kurs

Blir du lett hengande i armane når du klatrar? 

Har du lyst å klatre mer smidig og lett, og bruke beina betre? 

No blir det teknikkurs i Ørstahallen igjen!

Målet med kurset er å utvikle din teknikk frå der du er i dag. Vi kjem til å arbeide med balanse, fotarbeid, handarbeid, innvriding, flagging, laidback, mentale øvingar som å lese ei rute -med meir!

Dette kurset er for deg som klatrar grøne eller blå bulder, kanskje nokre gule, men føler at din teknikk kunne ha godt av nokre innputt og nye måtar å bevege seg på.

Vi kjem til å buldre mest, men ein gang er vi litt i tauveggen. Det er fint om du har brattkort, men det er ikkje eit krav. For å få noko ut av kurset bør du ha klatret litt tidligere.


Kurset går over tre mandagskveldar på 3 timar.  Då får vi tid til både å lære nytt og øve.

Kursdatoar er: 

torsdag 5 mai i VOLDA, 

onsdag 11. mai i ØRSTA 

torsdag 19 mai i VOLDA (Eller utandørs, om veret er godt!)

-Klokka; 17-20:00 alle dagane


Prisen er 1200,- pr. person. 

Det er plass til 8 deltakarar.


Kurshaldar er Stina Johansson.

Detaljer

Arrangør: Sunnmørsk Klatreklubb
Dato: 05.05.2022
Påmeldingsperiode: 05.04.2022 - 05.05.2022

Priser og produkter

Pris påmelding kr 1200

  • Teknikk-kurs kr 1200

Din status

Du er ikke påmeldt

Dokumenter

Ingen dokumenter