;

Nore Neset fotball miniakademi 2022/2023

Nore Neset IL ønsker velkommen til fotballakademi for 5. – 10. klasse, kor miniakademiet dekker 5-7.klasse.

Fotballakademiet er ei forlenging av klubben sin idrettsfritidsordning, og er eit tilbod for fotballspelarar med ekstra treningsiver og motivasjon som ynskjer å trena meir med eit kvalitetssikra fotballtilbud. Tilbodet skal vera eit supplement til lagsøkter og ikkje ei erstatning. I år kjem me til å organisere det som miniakademi (5-7.klasse).


Dersom det blir mange nok jenter vil me sjå på moglegheitane for å ha eigne jentegrupper der det er hensiktsmessig og ynskjeleg. 

Hovedfokus på akademia vil vera indviduell utvikling der vi belyser dei ulike individuelle momeneta i fotballspelet,  me kjem til å jobba teknikk, taktikk, fysikk, mentalitet og sosiale eigenskapar. Det blir økter med teori, video og alternativ trening. Det blir eige keeperopplegg dersom me har nok keepere (må noteres i påmeldinga)

Kjerneverdiane på akademiet er:

Vennskap - Meistring og respekt

Det er plass til alle som er ivrig og ynskjer og trena ekstra mykje fotball.

Vekeplan:

Dette er et utgangspunkt, men av erfaring frå dei siste åra så kan det koma nokre justeringar underveis

  • Miniakademi(opp til tre økter i veka):
    • Tirsdag: Ettermiddag frå 13:30 – 16:30. Varm mat før trening.
    • Torsdag: Ettermiddag frå 13:30-16:30. Varm mat før trening

Priser pr. måned:

Tirsdag ettermiddag: 750 kroner i månaden. Pris inkl. middag.

Torsdag ettermiddag: 750 kroner i månaden. Pris inkl. middag.

Det er mogleg å bestilla begge dagane. Total månadspris vil då vera 1500 kroner.

Pris transport:

200,- pr mnd for 2 dager

100,- pr mnd for 1 dag

Oppseiing av plass:

Det er 1 måneds bindingstid på fritidsordningane og akademiene våre. Oppseiing gjeld 1 månad frå den 1. i påfølgande månad.


Les meir på:

http://www.nnil.no/fotballakademi

Detaljer

Arrangør: Nore Neset Akademi
Dato: 16.08.2022
Påmeldingsperiode: 07.06.2022 - 30.06.2023

Priser og produkter

Pris påmelding kr 750

  • Miniakademi tirsdag kr 750
  • Miniakademi torsdag kr 750

Din status

Du er ikke påmeldt

Dokumenter

Ingen dokumenter