Me gjentek suksessen frå i fjor og inviterer til busstur til Brann Stadion. Denne gongen til kampen mellom Brann og Stjørdalsblink.
Turen er open for alle aldersgrupper, men personar under 16 år må vere i fylgje med ein vaksen. Ein vaksen kan ha ansvar for så mange under 16 år som ein sjølv ynskjer.
Bussen går frå Kuleseidkanalen kl 09:30. På Brann Stadion vil me få servert pizza før kampen. Om mogleg vil me og få besøk av spelarar som ikkje er i kamptroppen.
Fram til og med 18.09 er påmeldinga kun open for FSK sine medlemmer, og kvar billett kostar Kr 400,- Frå 19.10 opnar me opp for at også dei som ikkje er medlem kan kjøpe billett (med atterhald om ledige plassar), prisen då er Kr 500,- per billett, også for medlemmer. Me har plass til 52 påmeldte.
Prisen inkluderer:
Det kan vere lurt å ta med niste i tillegg til pizzaen som vert servert på stadion. Varme klede, sitteunderlag og eit pledd til dei mest frostige kan vere fornuftig å pakke i sekken.
Dette vert gøy. Meld deg på!
Arrangør: | Finnås Sportsklubb |
Dato: | 02.10.2022 |
Påmeldingsperiode: | 08.09.2022 - 02.10.2022 |
Antall påmeldte: | 52 |
Ledige plasser: | 0 |
Totalt antall plasser: | 52 |
Pris påmelding kr 500