;

Grunnkurs med brattkortprøve. 20-21. april

Ynskjer du å kome i gang med klatring? 

Då er eit grunnkurs inne ein god plass og starte! 


Dag 1: Mandag 20. april, klokka 16:30-22:30 Klatrehallen i Ørsta

Dag 2: Tysdag 21. april, klokka 16:30-22:30 Klatrehallen i Volda

Dag 3: Brattkortprøven, ca 30 minutt. Gjennomførast tidligast 1 veke etter dag 2. Dag for prøven avtalast med instruktør i løpet av kurset. 


Pris: 1800,-

Alderskrav: 15 år.

Obligatorisk pensum: Artikkelen "Fortsatt ille ute inne?". Denne finn du HER.

Sjå gjerne også videoen på denne sida: https://klatring.no/sikkerhet/brattkort/


Betaling kan gjerast under bestillinga med enten vipps eller kort. 

Lar du vere å betale vil du motta ein faktura på link frå Sunnmørsk Klatreklubb etter kurset.

Har du gåvekort? Hopp over betalinga i påmeldinga og ta med gåvekortet på kurset.


Brattkortprøve: Etter avtale med instruktør. Brattkortprøven etter kurest er inkludert i kursavgifta.

Ved stryk på brattkortprøven kan du ta prøven på nytt inntil to gongar. Ekstra brattkortprøve har ei avgift på 300,-

Kurshaldar: Sindre Dimmen, Iselin Berge


Sunnmørsk Klatreklubb stiller med alt av utstyr, og leige av dette er inkludert i kursprisen. Om du har eige utstyr så er det fint om du vil bruke det.

Som kursdeltakar har du gratis tilgang for å trene på det du har lært på kurset mellom kursdag 2 og brattkortprøven. Du kan nytte drop-in tidene i klatrehallane i Volda og Ørsta. Det er vakter til stades med brattkort, og når du kjem så henvender du deg til ei av desse og gir beskjed om at du er der for å trene til brattkort. Om du føler at du har behov for ekstratimar kan dette avtalast med instruktørane. Ei ekstraøkt på 2 timar med instruktør kostar 300kr.


Informasjon om Sunnmørsk Klatreklubb, innmeldingsskjema og opningstider for klatrehallane finn du her: www.sunnmorsk-klatreklubb.no 

Under ligg link til den kursmalen våre instruktørar vil følge, men du treng ikkje sette deg inn i denne dersom du ikkje er spesiellt interessert.

https://klatring.no/siteassets/dokumenter/kursmaler/kursmal-topptau--og-brattkortkurs-2024.pdf


Etter bestått brattkortprøve må du registrere prøva på brattkompetanse.no

Registreringa her kostar 400,- og går til administrative omkostningar i samband med utstseding av kortet.

Detaljer

Arrangør: Sunnmørsk Klatreklubb
Dato: 07.04.2026

Priser og produkter

Pris påmelding kr 1800

  • Grunnkurs inne med brattkortprøve kr 1800

Din status

Du er ikke påmeldt

Dokumenter

Ingen dokumenter